Kulturpappa
  • Om bloggen

Ferjehyllest

12/11/2015

Comments

 
Picture
Kva skulle me gjort utan ferja?

Me ville i alle fall ikkje hatt ein ferjekai å hengje på, der me kunne stå og glo på ferja som kom og undra oss over kven som vart slepte av. Heller ikkje kunne me grave hendene djupare ned i lommene, spytte svakt til venstre og gløtte på dei bilane som køyrde ombord medan me lurte på kor dei skulle og kanskje ønskte, heilt innerst i sjela, at me kunne ha vore med.
Heller ikkje ville me hatt tider å halda oss til. Strenge tider som ikkje vika. Ferja går på tida, det er best å hengje i. Uten ferja hadde me difor ikkje kunna køyrd som villmenn langs fjorden, kutta svingar og hytta med neven før me utmatta seig attende i bilsetet, anten som siste bil ombord før lemmen klappa igjen, eller åleine att på kaien med en drøy halvtime å slå ihjel.
​Eller, om det hadde vore siste ferja for kvelden, førebudde oss på ein dryg omveg eller jamvel ei kald overnatting i eit førersete vippa bakover så langt det gjekk.

Picture
Picture
Utan ei ferje ville me heller ikkje hatt sjansen til å komme for tidleg og ha litt tid å bruka opp før ferja skulle gå. Då kunne me ikkje sløkt motoren, opna døra, stega ut med hoftefest medan me strekte ryggen og såg oss rundt. Nikka svakt til kjentfolk, spende litt i grusen og slo av ein prat om hist og her.
Me ville heller ikkje fått den salige pausen ombord. Der tida står stille i ti minutt, ein halvtime eller tre kvarter. Pausen der ein går og pissar, et matpakken, kjøper seg svele og kaffi, glor litt på dei andre ombord og/eller sniklyttar på det dei snakkar om.
Utan ferja ville me kanskje heller aldri komme oss i båt i det heile tatt. Me ville ikkje fått sjansen til å sitje med glaset, tygge litt på kanten av den tomme kaffikoppen og glo utover fjorden medan me tenkte på alt og ingenting, eller kanskje undra oss litt over kva dei dreiv me, dei som budde der inne som me for forbi.
Utan ferja hadde me faktisk ikkje kome oss over til den andre sida i det heile. Kanskje hadde me berre stått der, nederst med fjorden og skygga med handa over augene og gjort eit forsøk på å sjå kva som fantest der borte. Kanskje hadde me sett nokre små figurar gjere det same, utan å kunne skilje om dei veifta eller hytta med neven. Ville dei bli kjende med oss eller truga dei?
Kanskje hadde me berre spytta i fjøresteinane og tenkt «for noko pakk» før me snudde ryggen til og gjekk heimatt?

Tenk kor mykje som ikkje hadde vorte noko av. 
Tenk kor me hadde vore utan ferja.
​Kva tenkjer du?

Comments

    Følg meg på sosiale medier:





    Tweets by @fredriksfotland

    RSS Feed

    Abonner via RSS

    Arkiv

    July 2016
    May 2016
    April 2016
    March 2016
    February 2016
    January 2016
    December 2015

    Kategorier

    All
    10 Tips
    Baking
    Boktips
    Brygging
    Drikke
    Familie
    Jobb
    Kidsa
    Litteratur
    Livet

    Få oppdateringer direkte på mail!

    Delivered by FeedBurner

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Om bloggen